Analysar vert avtalte gjennom følgjeskjema, telefon, skriftlege avtalar, tilbod eller prøvetakingsplanar.
Bestillingar pr. telefon er bindande sjølv om dei ikkje er bekrefta skriftleg.
Avtalar kan justerast i avtaleperioden etter gjensidig einigheit mellom partane.
Mat-Miljølaboratoriet AS kan endre sine rutinar for oppdrag, så lenge det ikkje går utover kvaliteten på arbeidet.
Dersom kunden ber om bruk av ei metode som vert vurdert som uhensiktsmessig eller forelda, vil kunden bli varsla og få tilrådd ei meir aktuell metode.
2. Innsyn og informasjon
Informasjon om metodikk, akkrediteringsstatus, måleusikkerheit, deteksjonsgrenser og prisar er tilgjengeleg på førespurnad.
Kunden kan etter avtale få innsyn i relevante prosedyrar, SLP-resultat og laboratorieaktivitet.
Mat-Miljølaboratoriet AS kan krevje teieerklæring før innsyn vert gitt.
3. Underleverandører
Mat-Miljølaboratoriet AS har rett til å bruke underleverandørar for analysar som ikkje kan utførast internt eller ved havari på utstyr.
Kunden aksepterer at prøver kan verte vidaresende til underleverandør, og at nødvendig informasjon om prøva blir delt.
Kunden kan be om informasjon om kva for underleverandør som er brukt.
4. Prøvemottak og rapportering
Mat-Miljølaboratoriet AS nyttar elektronisk rapportering med mindre anna er avtalt.
Vanleg behandlingstid er 1–2 veker, ved bruk av underleverandør 3–4 veker. Ved vesentlege forseinkingar vert kunden varsla.
Rapporter vert sendt som ukryptert e-post til avtalte adresser. Alternativ leveringsmåte må avtalast på førehand.
Analysereultat er kunden sin eigedom og kan ikkje vidareformidlast utan skriftleg samtykke.
Rapporter og prøvedata vert lagra i 3 år etter utsending.
5. Ansvar og risiko
Kunden er ansvarleg for korrekt prøvetaking med mindre anna er avtalt. Rettleiing kan givast ved behov.
Mat-Miljølaboratoriet AS er ikkje ansvarleg for skader på prøver under transport.
Dersom ein prøve vert vurdert som ueigna, eller har klare manglar, kan laboratoriet avvise prøva i samråd med kunden.
Mat-Miljølaboratoriet AS sitt ansvar er avgrensa til analysekostnaden
Laboratoriet er ikkje ansvarleg for feil som følge av mangelfull prøvetaking eller feilaktig bruk av analyseresultat.
Erstatningskrav må meldast snarast mogleg og seinast innan 6 månader.
Force majeure: Mat-Miljølaboratoriet AS kan ikkje haldast ansvarleg for forseinkingar eller feil som følgje av streik, brann, krig, naturkatastrofar eller andre forhold utanfor vår kontroll.
6. Fakturering og betalingsvilkår
Prisane er oppgitt eks. mva. med mindre anna er spesifisert.
Fraktkostnader for prøver kjem i tillegg.
Fakturering skjer etterskotsvis med 30 dagar betalingsfrist.
Reklamasjon på faktura må skje før forfallsdato.
For sein betaling vert påført purregebyr og renter i samsvar med lov om forsinkingsrenter.
7. Personvern og teieplikt
Vi sikrar at kundedata vert handtert i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.
Mat-Miljølaboratoriet AS og kunden har teieplikt om alle forhold knytt til avtalen, både under og etter avtaleforholdet.
Dersom lovverket krev at konfidensiell informasjon vert frigitt, vert kunden informert på førehand.
8. Samarbeidsplikt
Begge partar pliktar å samarbeide for å sikre ei god gjennomføring av avtalen.
Kunden pliktar å gi nødvendige opplysningar om prøvene for å sikre korrekt analyse.
9.Klager og avvik
Klagar vert handsama etter interne rutinar for avviksbehandling.
Kunden skal melde inn eventuelle klagar snarast mogleg etter mottatt rapport.
10.Tvister og lovvalg
Tvistar skal løysast gjennom forhandlingar.
Merknad til denne versjonen Forlenget gyldighet til 05.03.2026
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the ...
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.