Kvalitet
Mat-Miljølaboratoriet sikrar nøyaktig analysetenester fortlaupande. Vi er opptatt av og møte eller overgå kundane sine forventningar.
Vi fremjar ekspertise på arbeidsplassen ved å gi alle tilsette kunnskap, opplæring og nødvendige verktøy.
Vi har god fagleg praksis og kvalitet på våre analytiske tenester. Vi trur at nøkkelen til suksess i denne sammenheng er vår forpliktelse til å overhalde ISO 17025. Vi er forplikta til å oppretthalde og kontinuerlig forbetre vårt kvalitetssystem.
Mat-Miljølaboratoriet er akkreditert etter ISO 17025
Historikk
Mat- Miljølaboratoriet AS leiger lokale med Pelagia Måløy Sildoljefabrikk. Laboratoriet utfører analysar for kommunar, næringsmiddelverksemder, privatpersonar o.l.
Verksemda er ei samanslåing av det tidlegare laboratoriet ved Næringsmiddeltilsynet for Nordfjord og laboratoriet ved Måløy Sildeoljefabrikk AS.
Laboratoriet for Næringsmiddeltilsynet har si historie tilbake til 1965 da ”Vestlandske Salslag” etablerte slakteri på Eid. Fram til 1983 var dei fleste analysane støtteanalysar til offentleg næringsmiddeltilsyn.
Då kvar kommune skulle ha Næringsmiddeltilsyn i følgje ny lov, blei Næringsmiddeltilsynet for Nordfjord oppretta i 1983, som eit interkommunalt selskap for Bremanger, Eid, Gloppen, Selje og Vågsøy. I perioden 1983- og utover har det vore ei kontinuerlig oppbygging av laboratoriet, med vekt på å utvide spekteret av analysar, betre utstyr og rutinar, og auke salet av analysar til næringsliv, kommunale vassverk og privatpersonar.
Måløy Sildoljefabrikk AS har hatt tradisjon for analysearbeid sida 1938. I dei siste åra har laboratoriet utført analysar og konsulenttenester for lakseslakteri, pelagiske anlegg, vidareforedlingsanlegg, osv.
Pr. 1.1.2004 er desse to laboratoria slått saman til ei eining og har brei erfaring og kompetanse innan næringsmiddel, fôr, vatn og hygienearbeid. Laboratoriet blei akkreditert i 1997. Hovudområda for laboratoriet:
- Driftskontrollar for konsernbedrifter både innan for kjemi og mikrobiologi.
- Vassanalysar (kjemi og bakteriologi) som blir krevd i samsvar til førskriftene.
- Eigenkontroll på næringsmiddel (kjemi, bakteriologi, sensorisk), som blir krevd i samsvar til føerskrifter/HACCP -plan til produksjonsbedrifter.
- Rettleiing og feilbehandling i samband med drift og vurdering av resultatsmessige avvik på vassverk, næringsmiddelbedrifter osv..
- Miljøprøver: overvaking av vassdrag, kontroll av utslepp til vassdrag/sjø (analysar knytte til kommunane/bedriftenes utsleppsløyve).
- Laboratoriet utarbeider prøvetakingsplanar etter ønske og behov saman med kunden.